Lyseparken logo

Noregs mest framtidsretta
energi- og teknologipark søker direktør

Lyseparken næringsområde ligg i Bjørnafjorden kommune rett sør for Bergen. Ny kyststamveg E39 gir berre 15 minutters reiseveg til Bergen sentrum, jernbane og Bergen hamn, 12 minutt til Bergen lufthamn Flesland og under 60 minutt til Vaksdal, Nordhordland og Stord/Leirvik. Lyseparken er i all hovudsak eigd av Bjørnafjorden kommune.

Med si sentrale plassering er det kort veg til universitet og høgskulemiljø, forsknings- og næringsklynger og ein arbeidsmarknad som favner rundt 162 000 arbeidstakarar med både høgare utdanning og industrikompetanse frå Lyseparken. Når ny E39 opner i 2022 vil det bli etablert effektiv offentleg kommunikasjon både mot Bergen og sørover til Osøyro/Halhjem ferjekai, og vidare til Stord/Haugesund.

Berre fem til ti minutt unna Lyseparken ligg etablerte bustadområder på Søfteland, Osøyro og Fana. Utviklingsområdet Lysefjorden med opptil 1 000 – 1 200 nye bueiningar ligger innan gang og sykkelsavstand frå Lyseparken. Bjørnafjorden kommune har 100 % barnehagedekning og skular nær bustadsområda. Like kort er det til Lagunen/Fana-området og på Osøyro, kor ein finn alt ein treng av servicetilbod med butikkar og offentlege tenester.

Bjørnafjorden har eit rikt tilbod av fritidsaktiviteter med kulturhus, svømmehall, idrettstilbud og rekreasjon ved fjord og i fjell kor familien finn alt dei ønskjer. I tillegg er det kort veg til alle tilboda som storbyen Bergen byr på med til dømes alle byens kulturtilbud, Slåtthaug skøytebane, Brannstadion og Koengen.

Her kan du sjå filmen om Lyseparken »

Er du vår nye administrerande direktør?

Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS er eit nyoppretta heileigd kommunalt selskap eig av Bjørnafjorden kommune. Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS skal drive aktiv utvikling av det nye næringsområdet Lyseparken som ligg tett på ny E39 mellom Os og Bergen, berre 12 minutt frå Flesland og 15 minutt frå Bergen Sentrum. 

Bjørnafjorden kommune har som eigar eit mål om at Lyseparken skal vere Noregs mest framtidsretta energi- og teknologipark. Bjørnafjorden Utviklingselskap AS kan også bli involvert i andre utviklingsområder i Bjørnafjorden. Selskapet er under oppbygging og vi søkjer no etter deg som skal leie selskapet.

Administrerande direktør

Som administrerande direktør får du ansvaret for å bygge opp og leie selskapet i samarbeid med styret. De skal saman sørge for at dei visjonane Bjørnafjorden kommune har for Lyseparken blir oppnådd, samstundes som selskapet opptrer profesjonellt og forretningsmessig. Det er ei forventning om at selskapet får positiv avkastning av investeringane ein gjer i Lyseparken og eventuelt andre områder selskapet engasjerer seg i.

Selskapet kan der ein finn det formålsteneleg inngå strategiske og forretningsmessige partnerskap/samarbeid. Selskapet kan også opprette underselskap der det er formålsteneleg. Ein sentral del av selskapet oppgåve vil vere å forvalte Lyseparken til beste for samfunnet og utvikle denne til å bli Noregs mest framtidsretta energi- og teknologipark.

Vi søkjer ein administrerande direktør som:

  • har leiarerfaring
  • har erfaring frå større prosjekt, gjerne internasjonale
  • har økonomi og/eller eigedomserfaring
  • har nese for framtidas energi- og teknologiløysingar
  • tør tenkje «utanfor boksen»

Vi tilbyr:

  • ein av regionens mest spennande jobbar innan næringsutvikling/eigedomsutvikling
  • løn etter avtale
  • hardt arbeid, tilfredsstillelsen av Lyseparken sin suksess og mykje moro

Arbeidsstad vil i oppstarten vere på Osøyro.

For meir informasjon kontakt: styreleiar Dag Aksnes, tlf 917 57 001 eller kommunedirektør Christian F. Fotland, tlf 991 21 809.

Bjørnafjorden kommune